«Konkurrerer når vi må…»
Tom Kristian Fiskaa/ Brunvoll Volda i arbeid med eit nytt gir. Inngår i ei hybrid systemløysing for verdas største brønnbåt som er designa av Salt Ship Design for rederiet Seistar. Foto: Brunvoll

«Konkurrerer når vi må…»

Industribyggaren Idar Ulstein sa ein gong at styrken til den maritime klynga på Sunnmøre mellom anna låg i at «Vi samarbeider når vi kan og konkurrerer når vi må». Dette er visjonen til Mafoss også i dag.

Ekspedisjonsskipet «National Geographic Endurance» på østkysten av Grønland. Foto: CR Lindblad Expeditions.

Vi trur at samarbeidet klynga har hatt utgjer noko av det sterkaste momentet vi har. Det gir betre konkurransekraft, det gir optimal ressursbruk, og det gir god trivsel på jobb. Å vite at ein er ein del av ein større samanheng er viktig, og vi trur at ein kjem lengre både som enkeltmenneske og bedrift når ein opplever dette.

Den maritime klynga på Sunnmøre har ei sterk historie, er alltid i endring og utvikling, leverer geniale produkt i verdsklasse, og er definitivt ein viktig del av det grøne skiftet. I tillegg er den ofte svaret på festtalar frå politisk hald.

No er tida komen for å vidareutvikle og styrke dette samarbeidet gjennom nye satsingar i nye marknader. Det ligg definitivt nokre spanande og givande år framfor oss.

Jan Thormodsæter. Foto: MHW.