Posisjonering med lange tradisjonar
: NG Resolution 2021, NG Explorer 1982 ('The Legend') og NG Endurance 2020 samla i Sør-Georgia i Sør-Atlanteren. Bygd ved Ulstein Verft. Foto: CR Lindblad Expeditions

Posisjonering med lange tradisjonar

Maritim foreining for søre Sunnmøre (MAFOSS) vart etablert i 1969 som «Verkstadforeininga i Ulstein-regionen». Frå stiftingsdokumenta les vi: «Foreininga har til oppgåve å fremje skipsbyggingsindustrien sine interesser i regionen og å finne fram til samarbeidsformer som kan tene til å styrke medlemsverksemdene sine konkurranseevner.»

Klyngeetablering og tydeleg posisjonering på 60-talet, der altså. For medlemene var det særs viktig å sikre godt samarbeid mellom bedriftene og minst like viktig å sikre utdanningstilbod for fagfolk slik at ein kunne levere stadig meir komplekse skip.

Stiftarane av Foreininga i 1969 var
Hjørungavåg Verksted AS,
Hasund Mek. Verksted AS,
Hatlø Verksted AS,
Kleven Mek. Verksted AS,
Smedvik Mek. Verksted AS,
Ulstein Mek. Verksted AS og
Gerh. Voldnes AS.

I dag er nokre av desse borte, medan andre er blitt slått saman med større verksemder. Det er fire verft på Søre Sunnmøre per i dag, og alle er medlemmer i MAFOSS: Ulstein Group AS, Green Yard Kleven AS, Larsnes Mek. Verksted AS og Myklebust Verft AS.

I tillegg til verfta representerer MAFOSS dei fleste av verksemdene innan den maritime og marine leverandørindustrien på Søre Sunnmøre. Medlemsbedriftene utgjer soleis ei komplett verdikjede, frå idé og design, via utstyr og system, til bygging, samanstilling, testing og ferdigstilling.

MAFOSS og kommunane
MAFOSS sitt nedslagsfelt er bedrifter som jobbar inn mot maritim og marin verksemd i kommunane Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid – også kalla «sjustjerna» i kommunale samanhengar. MAFOSS har i dag medlemmer frå alle desse kommunane.

MAFOSS og ÅKP
MAFOSS vart i 2020 formelt etablert som eit prosjekt i ÅKP, men har framleis eit eige styre og kontroll på eigen økonomi. Saman med ÅKP skal MAFOSS arbeide for å løyse felles medlemsutfordringar og for å finne synergiar i felles målsettingar.
MAFOSS og utvala

MAFOSS er i dag organisert med fleire utval og arbeidsgrupper, der medlemsbedriftene sender sine fagfolk. Utvala femner desse fagområda: Kompetanse, HR og personell, Logistikk og produksjon, Helse miljø og sikkerheit (HMS) og Forsking og utvikling (FoU). Utvala har fokus på fagområde dei jobbar med til dagleg i sine respektive bedrifter, og representantane deler informasjon og erfaringar frå arbeidet med utvalet dei er med i. Slik utviklar vi oss i lag som bransje på fleire felt.

Styret for MAFOSS er i dag
Hallvard Pettersen, Brunvoll Volda, styreleiar
Margrete Heltne Hovde, TUSSA 24/ WATTN, nestleiar
Jarle Gunnarstein, Larsnes Mek. Verkstad AS, styremedlem
Jogeir Romestrand, Entec Group, styremedlem
Per Erik Dalen, ÅKP, styremedlem

MAFOSS’ administrasjon
I dag består administrasjonen av dagleg leiar Jan Thormodsæter (DL), prosjektleiar Ann Cesilie Skundberg og prosjektmedarbeidar Jannike Tuvik Skarbø.

Ann Cesilie er ansvarleg for pilotprosjektet for integrering og kompetanseheving av integrerte flyktningar, eit prosjekt som har fått nasjonal merksemd og god respons.

Arbeidet er eit samarbeid mellom MAFOSS, NAV, Ulstein, Volda og Herøy kommunar, IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet), Møre og Romsdal Fylkeskommune og Herøy Vidaregåande. Gjennom teori og maskinlæring i skulen og praksis i fleire av våre medlemsbedrifter har rundt femten elevar fått erfaring som etter læretid i bedrift og skule skal ta dei til fagbrev. Det er gjort svært nyttige erfaringar frå prosjektet, og vi ser at ein no vil teste ut dette innan fleire fagbrevløp fleire stader i landet.

Prosjektleiar Ann Cesilie Skundberg. Foto: J.T
Ann Cesilie Skundberg, Jannike Tuvik Skarbø og Jan Thormodsæter. Foto: MHW.

Jannike er prosjektmedarbeidar på prosjektet «Kompetanseutvikling Sunnmøre».

Les meir i denne artikkelen.