Kompetanse for framtida
Prosjektleiar Jannike Tuvik Skarbø, Kompetanseprosjektet. Foto: J.T.

Kompetanse for framtida

Kompetanseutvikling Sunnmøre 2021
Oppturar og nedturar i ein syklisk bransje som den maritime næringa krev mykje arbeid og omstilling. Ei av utfordringane er tilgangen til kompetanse. Det handlar om å utvikle og verne om eksisterande kompetanse, og om å rekruttere den kompetansen vi treng i framtida.

Hausten 2021 har difor Mafoss, i samarbeid med Sparebanken Møre, gjennomført eit forstudium for å kartlegge status og behov innan sentrale fagområde i den maritime næringa. I tillegg har vi samla kunnskap for å sjå på korleis ein betre kan arbeide med rekruttering og promotering av vår region framover. For å gjennomføre forstudiet har vi tilsett Jannike Tuvik Skarbø som prosjektmedarbeidar i 60 prosents stilling. Jannike arbeider saman med ei styringsgruppe som har ekstra fokus på desse områda.

Tre X-BOW-cruiseskip under bygging i Kina. I bakgrunnen ‘Alfa Lift’, også eit Ulstein-design. Foto: CR Ulstein Group/Lucy Lu.


Styringsgruppa for Kompetanseprosjektet består av desse personane:

Gunvor Ulstein, Ulstein Group.
Hallvard Pettersen, Brunvoll Volda.
Inge-Jonny Hide, Myklebust verft.
Olav Haug Vikebakk, Hareid Group.
Jogeir Romestrand, Evotec/ Entec Group.

Gjennom forstudiet har vi kartlagt framtidig og noverande kompetansebehov i bransjen, og vi har utfordra industrien på metodar for betre formidling av eksisterande kompetanse.

Vegen vidare
Forstudiet er no i ei fase der ein er i ferd med å avslutte analysen av funna. Dei første oversiktene viser at det er betydeleg vilje frå bedriftene til satsing, at behovet for fagfolk er stort, samt at satsing inn mot eit grønt skifte krev nye fagområde og rekruttering til arbeid i regionen må gjerast smartare i framtida. Vi ser at det er behov for å utvikle eit rammeverk og ein systematikk for korleis ein best mogleg kan rigge seg for å hindre tap av, og stagnasjon i, naudsynt kompetanse. Vi jobbar difor med å etablere samarbeid om eit pilotprosjekt med oppstart i januar 2022, for å teste systematikken og konklusjonen frå forstudiet, og for å finne ein berekraftig driftsmodell for det framtidige arbeidet.

Arbeidet rundt dette skjer i tett dialog med både NAV og LO/Fellesforbundet for å sikre transparens og gjensidig nytte og forståing av problemstillingane.