Drivast av behov og mål
ROSTEIN sin RO Sailor. Bygd ved Larsnes Mek. Verkstad. Foto: Larsnes mek.

Drivast av behov og mål

I Strategidokumentet til MAFOSS heiter det mellom anna:

«MAFOSS skal vere ein uavhengig regional tilretteleggar som skal samle,
forsterke, synleggjere og utfordre den verdsleiande maritime og marine klynga som medlemsbedriftene på Søre Sunnmøre er ein del av.»

Behova i marknaden og måla til våre medlemsbedrifter er vår fremste drivar, og MAFOSS jobbar aktivt for saker som er forankra i strategiane til våre medlemmer.

Dette inneber arbeid for sikring av kompetanse i vid forstand, for betring av samferdselstilbod via veg, luft og sjø, samt for å sikre gode vilkår og rammevilkåra for ei næring som er svært viktig for regionen og Norge som nasjon.
Ein har særleg fokus på kontakt med politiske nivå frå regionalt til sentralt for å få forståing og handling i samband med utfordringane i industrien vi representerer.

MAFOSS jobbar godt saman med Norsk Industri og SEA Europe, samt andre aktørar for å løfte enkelte bransjesaker inn til sentrale forum i tillegg til enkeltsamarbeid med andre interesseorganisasjonar frå sak til sak.