Skapar på felles arena
Jannike Tuvik Skarbø i møte med studentar frå HiVolda på Skaparhuset. Foto: HiVolda.

Skapar på felles arena

MAFOSS er ein av partnarane i Skaparhuset, og Jan Thormodsæter er styreleiar i inneverande periode.

Skaparhuset skal samle verkemiddelapparatet, skule og arbeidsliv til eit kreativt, utfordrande og spanande fellesskap. Skaparhuset held til i sentrum av Ulsteinvik og er ein arena for innovasjonsarbeid, undervisning, prosessarbeid, seminar, gründerverksemd og, kanskje viktigast, kopling mellom desse aktivitetane.

Andre partnarar er ÅKP, Høgskulen i Volda, Ulstein kommune, Ulstein Næringsforum, NCE iKuben, Ulstein Vidaregåande skule, ProtoMore og Sparebanken Møre.

Utfordringane med koronastengt samfunn har vore utfordrande også for Skaparhuset, men vi ser no at engasjement og bruk aukar for kvar månad når bedrifter og andre legg fleire fysiske møter og workshops ut av eige hus. Vi vonar at dette vil ta seg opp att så snart samfunnet blir normalisert etter pandemien.

Les meir og kontakt gjerne dagleg leiar Kjersti Kleven eller Skaparguide Tobias Hatløy via www.skaparhuset.no.