Samarbeid på tvers

Eigentleg var det det klyngetankegang som i si tid låg bak skipinga av Mafoss. Allereie i 1969 var det tydeleg at ein er sterkare saman. Dette er grunntanken også i ÅKP, og difor var det naturleg for Mafoss å bli ein del av ÅKP i 2020. I lag med den marine klynga, den maritime klynga, vekstprogramma og dei andre segmenta i ÅKP, vil Mafoss halde fram å arbeide for interessene til skipsbyggingsindustrien, slik vi òg gjorde i 1969. No skjer dette i samarbeid med heile næringa, med det offentlege, med organisasjonar og det politiske Norge. Heile tida med eit blikk inn i framtida, aldri kvilande. Skal ein henge med i næringa no må vi vere eitt steg framfor, ikkje kome halsande etter.