Jan Thormodsæter, dagleg leiar i Mafoss

Start video

Samarbeid på tvers

Eigentleg var det det klyngetankegang som i si tid låg bak skipinga av Mafoss. Allereie i 1969 var det tydeleg at ein er sterkare saman. Dette er grunntanken også i ÅKP, og difor var det naturleg for Mafoss å bli ein del av ÅKP i 2020. I lag med den marine klynga, den maritime klynga, vekstprogramma og dei andre segmenta i ÅKP, vil Mafoss halde fram å arbeide for interessene til skipsbyggingsindustrien, slik vi òg gjorde i 1969. No skjer dette i samarbeid med heile næringa, med det offentlege, med organisasjonar og det politiske Norge. Heile tida med eit blikk inn i framtida, aldri kvilande. Skal ein henge med i næringa no må vi vere eitt steg framfor, ikkje kome halsande etter.

Posisjonering med lange tradisjonar

Maritim foreining for søre Sunnmøre (MAFOSS) vart etablert i 1969 som «Verkstadforeininga i Ulstein-regionen». Frå stiftingsdokumenta les vi: «Foreininga har til oppgåve å fremje skipsbyggingsindustrien sine interesser i regionen og å finne fram til samarbeidsformer som kan tene til å styrke medlemsverksemdene sine konkurranseevner.»…
Drivast av behov og mål

Drivast av behov og mål

I Strategidokumentet til MAFOSS heiter det mellom anna: «MAFOSS skal vere ein uavhengig regional tilretteleggar som skal samle, forsterke, synleggjere og utfordre den verdsleiande maritime og marine klynga som medlemsbedriftene på Søre Sunnmøre er ein del av.»…

Skapar på felles arena

MAFOSS er ein av partnarane i Skaparhuset, og Jan Thormodsæter er styreleiar i inneverande periode. Skaparhuset skal samle verkemiddelapparatet, skule og arbeidsliv til eit kreativt, utfordrande og spanande fellesskap. Skaparhuset held til i sentrum av Ulsteinvik og er ein arena for innovasjonsarbeid, undervisning, prosessarbeid, seminar, gründerverksemd og, kanskje viktigast, kopling mellom desse aktivitetane.…
Kompetanse for framtida

Kompetanse for framtida

Kompetanseutvikling Sunnmøre 2021 Oppturar og nedturar i ein syklisk bransje som den maritime næringa krev mykje arbeid og omstilling. Ei av utfordringane er tilgangen til kompetanse. Det handlar om å utvikle og verne om eksisterande kompetanse, og om å rekruttere den kompetansen vi treng i framtida.…
«Konkurrerer når vi må…»

«Konkurrerer når vi må…»

Industribyggaren Idar Ulstein sa ein gong at styrken til den maritime klynga på Sunnmøre mellom anna låg i at «Vi samarbeider når vi kan og konkurrerer når vi må». Dette er visjonen til Mafoss også i dag.…

2021 i bilder